HjemNyheterUtlevering av sjølvtestar er ved Austrheimhallen

Utlevering av sjølvtestar er ved Austrheimhallen

Henting av sjølvtestar

Sjølvtestar for Korona skal frå og med torsdag 3. februar hentast ved Austrheimhallen (garasjebygg ved inngangen).

Opningstida er klokka 14.00 til 16.00, måndag til fredag. Det blir levert ut det tal testar som trengs for den enkelte sin situasjon.
Skulane og andre einingar kan supplera med utdeling til eigne tilsette.

Legekontoret vil frå og med no ikkje dela ut sjølvtestar.

Når skal du testa deg for Korona?

Ein skal berre testa seg ved symptom, eller om ein er nærkontakt eller tilsvarande nær til ein smitta.

Ein smitta skal isolera seg i fire dagar, og treng ikkje testa seg fleire gonger.

Dei aller fleste treng ikkje stadfestande PCR-test etter ein positiv hurtigtest, men tar hurtigtest, registrerer seg via Austrheim kommune si side hjå Remin, og isolerer seg.

Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin

Har du ikkje mogelegheit til å nytte digital registrering kan du ringa legekontoret telefon 56168200. Les meir om deira telefontid, ved å klikke her. 

Hugseliste for testing, karantene, isolasjon og smittesporing, klikk her for å lesa (PDF)

PCR berre ved medisinsk grunnlag

Legekontoret tar berre PCR-test om det er medisinsk grunnlag for det, dette er for personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk vert også tatt for følgjande personar: Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.

Det vert ikkje tatt PCR-test av barn om det ikkje er medisinsk grunnlag.

Test til ferie? Volvat eller Dr. Drop-in

Treng du ein negativ PCR-test i samband med ferie i utlandet? Dette er ikkje eit tilbod kommunen kan gje, så du må nytta deg av private tilbydarar som til dømes Volvat eller Dr. Drop-in. Kommunen ser klart at dette er ein ekstra kostnad for den som skal reisa, men testar på legekontoret har ein kostnad for kommunen, og det er med dagens arbeidssituasjon med Korona ikkje høve til å ta dette på Austrheim legekontor.

Denne prioriteringa for PCR-testing er bestemt av Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim.

Neste runde med vaksinering

Det var drop in-vaksinering i Austrheimhallen onsdag 2. februar, der kom det rundt 60 personar, dei fleste til 3. dose.

Neste runde med drop in-vaksinering vert i Austrheimhallen onsdag 9. februar, frå klokka 16.00 til 17.00. Ein kan komma for 1., 2. eller 3. dose.

Seinare i februar kan det verta andre stader for vaksinering enn Austrheimhallen, meir informasjon om dette vil komma når det nærmar seg.


Sist oppdatert: 03.02.2022
Publisert: 03.02.2022