HjemNyheterUte på tynn is?

Ute på tynn is?

Det har vore kalde fine dagar dei siste vekene, og mange har prøvd både kunst- og lengdeløpsskøytene på småvatn rundt om. 

Kommunen registrerer at det er gjort eit flott arbeid av mange med å legga til rette for isaktivitet, men minner om at det er den enkelte som må kontrollera at isen er trygg.

Etter at det kom snøfall er isen svakare enn kva den var i starten av januar, snøen isolerer og reduserer istilveksten under. Ein kan også oppleva at snøen frys til, og du får fleire lag med is med heller kaldt vatn mellom.

Sjølv om du ser at andre er på isen, betyr ikkje det at isen er trygg. Hugs også at det å sjekka tjukkelsen på isen seier noko om tilstanden der du sjekkar, og ikkje på heile vatnet. Særleg ved utløp og innløp vil isen vera dårlegare, men det kan også vera svake parti andre stader.

For is på saltvatn er det mange fleire element som gjer isen utrygg, som blanding av ferskvatn og saltvatn, svekking på grunn av flo og fjøre, med meir.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ei eiga nettside om is, den finn du på www.varsom.no/isvarsling/


Sist oppdatert: 04.02.2021
Publisert: 04.02.2021