Ukrainar busett i Austrheim?

Om du har budd i Austrheim i fleire år, eller om du berre har vore her ei kort tid, ønskjer vi å vite at du oppheld deg her i kommunen.

Kanskje har du behov for kontakt med nokon frå kommunen i samband med situasjonen i heimlandet ditt, eller kanskje har du lyst til å bidra med dine ressursar i samband med at Austrheim får flyktningar frå Ukraina. Du forpliktar deg ikkje til noko om du fortel oss at du bur her. 

Ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56 16 20 00 eller e-post: post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 31.03.2022
Publisert: 31.03.2022