TV-aksjonen 2022
Vil du vere med å bidra som bøssebærar ta kontakt med
Rigmor Ludvigsen t. 456 353 24 eller på e-post: rigmor.ludvigsen@austrheim. kommune.no
I år er det altså organisasjonen Leger Uten Grenser som får midlane som vert samla inn under TV-aksjonen søndag 23. oktober.
Det som kjem inn skal hjelpa organisasjonen til å gje livreddande helsehjelp, vaksinar og medisinar. Midlane skal spesielt førebygga epidemiar og behandla kjende og ukjende sjukdommar i dei fire utpeikte landa Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone.
I samarbeid med forskingsorganisasjonen DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane gå til å utvikla medisinar mot mindre kjende dødelege sjukdommar. DNDi er ei forkorting for «Drugs for Neglected Diseases», dette er ein uavhengig forskingsorganisasjon som Leger Uten Grenser var med på å starta opp i 2003.
Klikk her for å lese meir om Leger uten grenser sitt arbeid, og om TV-aksjonen
Klikk her for å sjå ordførar Per Lerøy si digitale bøsse til TV-aksjonen