HjemNyheterCovid-19 og turistar til Austrheim

Covid-19 og turistar til Austrheim

Det er framleis slik at Utanriksdepartementet rår frå alle utanlandsreiser som ikkje er strengt naudsynte, eit reiseråd som i utgangspunktet gjeld til 20. august 2020. 15. juni vart det gjort unntak for nordiske land som dokumenterer lågt smittepress, og dette vert frå 15. juli utvida til også å gjelda land i EØS og Schengen.

Når det er lov å reisa frå Norge til desse landa betyr det samstundes at det er lov å reisa frå desse landa til Norge, slik at reiser til/frå andre land med lågt smittepress kan ta seg opp. Tilreisande frå land med lågt smittepress har i utgangspunktet ikkje karanteneplikt.

Auka reiseaktivitet til og frå Norge, og også mellom regionar i Norge der smittepresset varierer, kan gjera at smittepresset aukar her i Austrheim. Helsedirektoratet oppmodar alle til å halda seg informerte om: 

- generelle smittevernråd - plakat norsk og engelsk 
- kva du gjer om du får luftvegssymptom, og korleis kan du få testa deg - plakat norsk og engelsk
- reglane for innreisekarantene, og for isolasjon (ekstern lenke)

Med enkle førehandsreglar kan me halda smittepresset nede, og unngå tilfelle av Covid-19/Korona i våre familiar og lokalsamfunnet. 

Stopp smitten: 
- hald minst 1 meter avstand
- vask hender ofte og grundig
- hald deg isolert dersom du er sjuk

Test deg om du er sjuk:
- dersom du får symptom som feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller generell sjukdomskjensle skal du ringa lokalt legekontor på 56 16 82 00 (i opningstida), eller legevakt på 116 117 for testing. Undersøking og testing for Covid-19/Korona er gratis for alle.

Karantenereglar:
- Mange må i karantene når dei reiser inn i Norge. Gjeld dette deg?
Oversikta finn du på helsenorge.no/coronavirus (ekstern side)


Sist oppdatert: 08.07.2020
Publisert: 08.07.2020