Fiskarbonden sitt rike - Krossøy

Bli kjent med fiskarbonden sitt levesett. Guida tur i vakkert kystlandskap: Til Storhaugen (32,5 m) med fantastisk utsikt og karttavle. Vidare til gardsmuseum, smie, gamalt fjøs og freda naustmiljø m.m. Her har me det meste av det utstyret som fiskarbonden og smeden brukte. I museet er det også utstyr som vart nytta av tømmermann og av skreddar.

Turen passar for alle, lett terreng. Sal av heimelaga fiskesuppe, kaffi og kaker.

Etterpå kan ein ta turen til Gavlen.

Arr. Krossøy Grendalag


Sist oppdatert: 17.08.2022
Publisert: 17.08.2022