HeimNyheterTrygt å bada på badeplassane

Trygt å bada på badeplassane

Miljøretta helsevern, ei eining i Alver kommune, gjennomfører kvart år ei undersøking av vasskvaliteten på badeplassane i regionen. 

Fem badeplassar i Austrheim er undersøkte, dette er Finnsvågen/ Austrheimvågen, Skjelvika, Solesjøen, Øksnes og Årvika på Fonnes. Vasskvaliteten på alle desse fem har fått karakteren god, som betyr at det er målt mindre enn 100 termostabile koliforme bakteriar per 100 ml vatn. God er beste karakter i denne samanhengen. 

Vassprøvane vart tekne 19. mai, og temperaturen i vatnet var 7 og 8 grader på dei ulike plassane. Så det fristar kanskje ikkje med eit bad heilt enno, om vatnet er aldri så reint.


Sist oppdatert: 25.05.2020
Publisert: 25.05.2020