HeimNyheterTrine Merete Jansen ny kommunalsjef

Trine Merete Jansen ny kommunalsjef

Trine Merete Jansen

Trine Merete Jansen er i dag tilsett som rektor ved Sæbø skule i Alver kommune. Ho er utdanna allmennlærar, med vidareutdanning innan spesialpedagogikk og leiing. Jansen har lang erfaring som lærar, avdelingsleiar og som rådgjevar i PP-tenesta. Ho har også erfaring frå organisasjonsarbeid.  

Stillinga som kommunalsjef for oppvekst og kultur har stått ledig etter at Bjørnar Fjellhaug i vår vart først konstituert, og seinare tilsett, som kommunedirektør i kommunen vår. Oppgåvene har i denne perioden vore delte mellom fleire. 

Det er ikkje heilt avklart når Jansen tek til i stillinga, men mest truleg er den nye kommunalsjefen på plass frå desember.

- Eg er trygg på at me får ein dyktig og god kommunalsjef på plass i Trine Merete Jansen, seier kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug.


Sist oppdatert: 13.09.2021
Publisert: 13.09.2021