HjemNyheterTreng fleire bustader til flyktningar

Treng fleire bustader til flyktningar

Austrheim kommune har fått spørsmål om å busetja fleire flyktningar frå krigen i Ukraina, og treng i samband med dette fleire bustader som kan passa for par. Det er tilstrekkeleg med eitt soverom i bustaden.

Om du kan leiga ut denne typen bustad er du velkommen til å senda ein e-post til kommunen si adresse post@austrheim.kommune.no. Legg gjerne ved oversikt over storleiken på bustaden, nokre bilde, og opplysningar om bustaden er ledig no eller frå når.

Kommunen vil vurdera dei bustadene som vert melde inn, og avtala ei synfaring på dei som er aktuelle. Leigeprisen vil ein komma fram til i etterkant av synfaringa.

Det har også tidlegare komme inn opplysningar frå ulike huseigarar som kan leiga ut, dette har gjerne vore større bustader som ikkje eignar seg like godt for par utan barn. Kommunen har oversikt over dei tilboda som har komme inn.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Austrheim kommune på 56162000.


Sist oppdatert: 29.08.2022
Publisert: 29.08.2022