HjemNyheterTreng du hjelp til julemat og julegåver, eller kan du hjelpa andre?

Treng du hjelp til julemat og julegåver, eller kan du hjelpa andre?

Julegåveaksjonen 2020 skal hjelpa med gåver til barn og unge opp til 20 år, og vil også ordna med matkassar. No går oppfordringa til familiar med utfordringar, om å senda ein e-post til: julaustrheim@gmail.com

Utdelinga av mat og gåver vil skje i samarbeid med Nordhordland Røde Kors.

Vil du gje gåver eller støtta aksjonen økonomisk?

Vil du vera med på å gje ei julegåve til born i alderen 0-20 år:  

  • Du kan levere gåva på servicekontoret på kommunehuset, legga under treet på Mastrevik torg frå 1. desember, og hjå Spar Mongstad i ein kasse ved inngangen.
  • Julegåvene må vera nye og merka med alder og kjønn.
  • Frist for innlevering er 16. desember.

Dersom du vil støtta julemat i matkassane kan du: 

  • Nytta dette kontonummeret til Austrheim ungdomsklubb: 3632 58 68443
  • Eller send pengar via vipps #639602 og merk med JUL.
  • Frist for innbetaling er 16. desember.

Ta gjerne kontakt om du har innspel eller spørsmål til aksjonen: 

Rigmor Ludvigsen, Leiar Frivilligsentralen, tlf. 45 63 53 24

Anita Soltveit, Ungdomskonsulent, tlf. 47 48 02 09

Julegåveaksjon 2020

 

Julegåveaksjon 2020 Gåver


Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 23.11.2020