Treng bustader til flyktningar

Meld inn om aktuelle bustader

Privatpersonar, bedrifter eller organisasjonar som har ledig bustad kan ta kontakt med kommunen. Ta med informasjon om adresse, standard og storleik, og ein utleigepris som er nøktern utifrå dette.

Slik kan du melda inn: 

    • Ring Servicekontoret på 56 16 20 00 og be om at opplysningane blir noterte.
    • Send ein e-post til post@austrheim.kommune.no

Kva reglar gjeld for utleige av bustad?

Plan- og bygningslova regulerer ikkje utleige av bustad. Rom som allereie er godkjende som opphaldsrom kan både leigast og lånast ut. Også rom i eigen bustad. Du treng ikkje ein nytt løyve for å låne/leige ut desse romma, verken til flyktningar eller andre.

Du som huseigar må syta for at det er trygt å bu der, og at standarden er forsvarleg. Det skal vera minst to moglege rømmingsvegar (til dømes dør og vindu) og det må vera minst ein røykvarslar per etasje.

Eksempel på kva som er godkjent opphaldsrom er soverom, stove, hobbyrom med meir. Rom som ikkje er godkjende som opphaldsrom er til dømes bod, oppbevaringsrom, teknisk rom med meir.

For areal som ikkje er godkjent til opphaldsrom, men er tilknytt eigen bueining (kjellar og/eller loft) er det forenkla tekniske reglar for å få dette godkjent som ein utvida del av din bustad, dersom bustaden er oppført før 2011.

For meir informasjon om dei tekniske krava, sjå her på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (ekstern lenke) 

Kommunal- og distriktsdepartementet har også mykje nyttig informasjon, sjå her på nettsida deira (ekstern lenke)

Hjelpa på andre måtar?

Trykk her for å lesa meir om korleis du kan hjelpa gjennom ulike nasjonale hjelpeorganisasjonar, lenke til heimesida til Frivillighet Norge.


Sist oppdatert: 28.03.2022
Publisert: 28.03.2022