HeimNyheterTre nye smitta - avgrensa smitteomfang. Status 4.12.20

Tre nye smitta - avgrensa smitteomfang. Status 4.12.20

Smittesituasjonen i Austrheim:

  • Fredag 4. desember er det registrert 1 ny med Korona-smitte i Austrheim.
  • Onsdag 2. desember vart det registrert 2 nye med Korona-smitte i Austrheim.
  • For dei siste fjorten dagane er det også registrert ein fjerde med smitte, men dette er ein person som har bustadadresse her utan å bu i kommunen.
  • Legekontoret har oversikt over sannsynleg smitteveg for desse siste tre. Det er sett i verk kartlegging over nærkontaktar og formidla kven som skal i karantene, og kven som skal testast.
  • Etter å ha testa litt over 1.000 personar er det samla smittetalet i Austrheim 19, sidan pandemien og testinga starta i mars.

Lokale tiltak framover:

  • Austrheim har fram til og med 8. desember ei eiga lokal forskrift, vedteken av kommunestyret, som er strengare enn dei nasjonale tiltaka. Denne forskrifta finn du her.
  • Kommunal kriseleiing i (KKL) i Austrheim har merka seg at Bergen og nabokommunen Alver legg opp til å letta på dei lokale tiltaka over helga.
  • KKL skal måndag føremiddag (7. desember) vurdera korleis Austrheim skal stilla seg framover med tanke på tiltak mot Korona-smitte.
  • Det er sjølvsagt eit ønskje om å sleppa opp så mykje ein kan i samband med julehøgtida. Men då er det viktig at alle framleis passar på og følgjer dei generelle råda: 
    • Ikkje går på butikken om ein er i karantene.
    • Ikkje går ut av huset om ein er i isolasjon.
    • Vaskar hender godt. 
    • Brukar handsprit der du ikkje kan vaska hendene.
    • Tar på munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand.

Får hjelp av Røde Kors til informasjonsarbeid:

  • Dei kommande vekene har kommunen engasjert Røde Kors for å hjelpa med informasjon og utdeling av munnbind i samband med handel på matvarebutikkane i kommunen. Så om du møter nokre hyggelege Røde Kors-representantar under handleturen no før jul, så er det altså kommunen som har engasjert desse til å informera om smittevern. Les meir her.

Nasjonale føringar i samband med Korona:

  • Dei nasjonale reglar og råd finn du på Folkehelseinstituttet si heimeside fhi.no. Lokal forskrift fram til 8. desember gjeld som ei innstramming av nasjonale reglar og råd, slik at det nasjonale gjeld også i Austrheim, på område som den lokale forskifta ikkje omfattar.

Informasjon frå kommunen:

  • Denne informasjonen du les her vert lagt ut på kommunen si heimeside, delt på vår side på Facebook, sendt som e-post til kommunalt tilsette, og det går SMS-varsel til alle innbyggjarar i Austrheim
  • Har du spørsmål eller kommentarar, kan du senda ein e-post til kommunen på post@austrheim.kommune.no

Sist oppdatert: 04.12.2020
Publisert: 04.12.2020