HjemNyheterTorsdag 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse

Torsdag 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse

Det er eit grunnleggande behov å kjenna at ein lever eit meiningsfullt liv, og det vil fungera beskyttande under livskriser og andre kriser.

Dei som opplever at det er meining i livet er også mindre sårbare for å oppleva alvorleg einsemd, kognitiv svikt, depresjon og avhengigheit.

Ring ein gammal eller ny venn

Den viktigaste og mest avgjerande kjelda for å kjenna at ein lever eit meiningsfullt liv, er dei sosiale relasjonane til andre. Ingen andre faktorar spelar ei like stor rolle for livskvaliteten, som kor tilfreds ein er med relasjonane til andre.

Målet med å kalla årets kampanje for #gi8minutt er nettopp å få fleire vennskap på beina. Ta gjerne kontakt med ein tidlegare eller ny venn, til dømes ved å ringa.

Det er mange som er plaga av einsemd i Norge, i større eller mindre grad. Ein av fem opplever at dei ikkje har nokon å ta kontakt med om vanskelege ting.

Utfordring for mange unge

Forskjellane er store mellom dei yngste og eldste i samfunnet på dette området. Medan det tidlegare var dei unge som var mest nøgde med livet, så er det i dag omvendt. Ein av tre under 44 år svarer i undersøkingar at dei opplever lite meining i livet, og rapporterer om generelt dårlegare livskvalitet. 

Studentar er ei gruppe som ofte har få gode vennerelasjonar, 4 av 10 studentar seier at dei har få eller ingen venner.

Internasjonal dag

10. oktober er den internasjonale FN-dagen for psykisk helse. I Norge har den nasjonale kampanjen for betre psykisk folkehelse blitt arrangert sidan 2002 av organisasjonen Mental Helse, med støtte frå Helsedirektoratet. Markeringane er gjerne spreidd ut over i vekene 39-42, i tillegg til sjølve verdsdagen.

10. oktober er det markeringar i meir enn 150 land, på ulike måtar, for å fremja bevisstheit om psykisk helse.

Les meir på den nasjonale nettsida for verdsdagen for psykisk helse: Verdensdagen for psykisk helse


Sist oppdatert: 09.10.2024
Publisert: 09.10.2024