HeimNyheterTom pose knytt på avfallsdunken = ny rull med posar

Tom pose knytt på avfallsdunken = ny rull med posar

Slik ber ein om ny pose - spann med pose

Skal du ha ein ny rull med posar av ein av desse tre, så knyt du ein tom pose/sekk til spannet ditt neste gong du trillar det til henteplassen. Det er det same kva spann du knyter den tomme posen fast til. På bossbilen har dei med seg rullar, og legg på toppen av spannet ditt.

Har du brukt siste posen så kan du skriva ein lapp som du legg på spannet, kanskje med ein stein over, så ikkje vestavinden tek beskjeden din. Eller du kan låna ein pose av naboen din for å bruka den til bestillinga.

NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS) leverer også ut rullar med posar og sekkar på gjenvinningsstasjonane i Kjevikdalen, Mjåtveit, Liltlås og Manger.

Nokre burettslag har tilgang til nye sekkar/posar i posekassar. Desse posekassane fyller vanlegvis renovatørane opp når dei er på staden og tømmer avfall, men viss desse skulle gå tom, send ein e-post til kundeservice@ngir.no.


Sist oppdatert: 23.03.2021
Publisert: 26.02.2021