HjemNyheterTo med Korona-smitte siste ti dagar, status 20.11.20:

To med Korona-smitte siste ti dagar, status 20.11.20:

Dei siste ti dagane er det to personar som har testa positivt for Korona, slik at det sidan mars er 14 innbyggjarar i Austrheim som har testa positivt på dette viruset. Dei to som er smitta er sette i isolasjon, og nærkontaktar er i karantene.

Lokal forskrift i samband med Korona:

  • Dei lokale tiltaka i samband med Korona gjeld fram til og med måndag 23. november. Desse tiltaka vart bestemte av Kommunal kriseleiing i kommunen (KKL), og stadfesta av kommunestyret i deira møte 12. november, som ei lokal forskrift.
  • Tiltaka i Austrheim ligg tett opp til det som gjeld for Bergen og dei næraste nabokommunane. Kva Bergen og kommunane rundt bestemmer skal gjelda vidare framover, vil spela inn når ein bestemmer kva som skal gjelda i Austrheim.
  • KKL i Austrheim har sitt neste planlagde møte måndag 23. november, og der blir det tatt stilling til korleis tiltaka vert vidare framover.

Nasjonale føringar i samband med Korona:

  • Dei nasjonale reglar og råd finn du på Folkehelseinstituttet si heimeside fhi.no. Lokal forskrift gjeld som ei innstramming av nasjonale reglar og råd, slik at det nasjonale gjeld også i Austrheim på område som den lokale forskifta ikkje omfattar.

Smittetalet i Austrheim:

  • Etter å gjennomført 943 testar (per 20. november), er det 14 av våre innbyggjarar som har testa positivt for Korona. Kommunen hadde eit smittehopp i september, men har sidan klart å redusera smitten ved hjelp av smittesporing, isolasjon for dei smitta og karantene for nærkontaktar.
  • Registreringa av smitta baserer seg på kvar ein er folkeregistrert. Ein tilreisande, som ikkje bur fast i Austrheim, kan dermed vera i isolasjon i vår kommune etter positiv koronatest, utan at det viser på vår statistikk.

Informasjon frå kommunen:

  • Denne informasjonen du les her vert lagt ut på kommunen si heimeside, delt på kommunen si side på Facebook, sendt som e-post til kommunalt tilsette, og alle innbyggarar får ein kort SMS med oppmoding om å lesa på heimesida.

Det grunnleggande er viktig:

  • Alle må passa på og følgja dei generelle råda: Som at ein ikkje går på butikken om ein er i karantene, ikkje går ut av huset om ein er i isolasjon, og elles vaskar hender godt og brukar handsprit der du ikkje kan vaska hendene med såpe.

Har du spørsmål kring desse tiltaka, kan du senda ein e-post til kommunen på post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 20.11.2020
Publisert: 20.11.2020