HjemNyheterTiriltunge barnekor - påmelding

Tiriltunge barnekor - påmelding

Barnekoret er eit kortilbod for born frå 3. klasse og oppover. Koret øver kvar tysdag frå kl. 14.30 – 15.45. (Det går buss frå Kaland kl. 14.08). Koret har som mål å læra born og unge å syngja i kor og fremja songgleda.

Tiriltunge barnekor vil ha som mål å setja opp julespelet «Jakten på juleskurken» før jula 2021, dersom korona-situasjonen tillèt det. Koret deltek og opptrer elles på ulike arrangement når ein vert invitert til det.

Opptakskrav

  • Alle nye born som begynner i koret får utlevert mappe til songane. Mappene må borna ha med seg på kvar øving og når me skal opptre. Dersom mappa vert borte, må foreldra kjøpa ny.
  • Det er viktig at leiarane i koret har god kontakt med foreldra. Når informasjon vert sendt ut må den lesast og spørsmål må svarast på. Vi kommuniserer på e-post og Facebook.
  • Når me er ute på songoppdrag har foreldra ansvar for borna sine. Syng me f.eks. på basar, venter arrangør at me er til stades heile arrangementet. Nokre gonger er det slik at me er invitert til å syngja nokre songar og deretter kan gå igjen. Dette skal me presisera i info.
  • Tiriltunge barnekorhar eit foreldreutval på tre personar. Foreldreutvalet administrerer vaktlister til øvingane og dugnadslister til prosjekt.
  • Koret har eitt foreldremøte ved oppstart. Dette møtet må prioriterast.

Søknad om opptak til kor skjer på e-post til:

elisabeth.jensen.risnes@austrheim.kommune.no innan 01.09.2021.

Mailen stadfester at søkjaren har lest opptakskrava til koret, og søknaden skal innehalda:

  • Namn på barnet, fødselsdato, klassetrinn og skule.
  • Namnet til mor og far, fullstendig postadresse, mailadresser og telefonnummer til begge foreldra.

Sist oppdatert: 27.08.2021
Publisert: 27.08.2021