HjemNyheterSøk om tilskot til inkludering av barn og unge

Søk om tilskot til inkludering av barn og unge

Målet med tilskotsordninga er å legga til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Med samfunnsdeltaking er det meint tilknyting til fritidsaktivitetar, kulturliv, utdanning, organisasjonsliv og arbeidsliv, samt demokratisk deltaking. 

Dette er målgruppa

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å enda i utanforskap.

Aktivitetstypane «los/ungdomslos» og «opne møteplassar» har ei meir avgrensa målgruppe: Målgruppa for desse to aktivitetstypane er barn og unge mellom 10 og 24 år.

Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet.  Risikofaktorar for utanforskap kan vera:    

  • Å veksa opp i familiar med låg inntekt. 
  • Manglande sosialt nettverk. 
  • Manglande tilknyting til skule/arbeid .
  • Manglande deltaking i fritidsaktivitetar.

Desse risikofaktorane kan vera overlappande eller forsterka kvarandre.

Her søker du

Ordninga for tilskot til inkludering av barn og unge er ei samanslåing av dei tidlegare ordningane Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge, Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, og Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom.

Du søker via ei eiga nettside som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har laga til, på denne lenka (klikk her for å gå til søknadssida hjå Bufdir).

Det er ein del å setja seg inn i om ein skal søka støtte, så start søknadsarbeidet i god til før søknadsfristen 18. november.

Kontaktpersonar i Austrheim kommune

Kontaktpersonar i Austrheim kommune er:

Avdelingsleiar for kultur og bibliotek, Kari Torkildsen Utkilen:

Kommunalsjef oppvekst og kultur, Trine Merete Jansen:


Sist oppdatert: 31.10.2022
Publisert: 31.10.2022