HjemNyheterTilskot til inkludering av barn og unge - 2025

Tilskot til inkludering av barn og unge - 2025

No kan du søka om støtte frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til inkludering av barn og unge. Søknadsfristen er 1. november.
Publisert: 12.10.2024
Sist endra: 12.10.2024

Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år, som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.

Desse kan søka:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Søknadsfristen er 1. november 2024.

Slik søker du:

  1. Set deg inn i regelverket og informasjonen på nettsida for ordninga, klikk på denne lenka til Bufdir sine nettsider. Enkelte føremål kan både kommunar, fylkeskommunar frivillige organisasjonar og private aktørar søka på, andre er berre opne for enkelte søkarar. Enkeltpersonføretak eller privatpersonar kan ikkje søka om tilskot gjennom denne ordninga.
  2. Bufdir har ein eigen søknadsportal for tilskot, der du loggar deg inn, lenka dit er her: På søknadsportalen kan du finna fram til korleis du skal søka. 

  3. Det kan søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå nettsida for ordninga for meir informasjon om desse)

  4. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida for tilskotsordninga for unntak frå denne regelen). 
    Kommunen skal rangera søknader som er sendt inn av andre aktørar. Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vera informasjon på Bufdir nettsider om forventa sakshandsamingstid.

Kontaktperson

Kontaktperson i Austrheim kommune for denne ordninga er:

Rådgjevar oppvekst Grethe Træland Dalland, telefon 56 16 20 00.