HjemNyheterTildelingstenesta tildeler tenester

Tildelingstenesta tildeler tenester

Det som før heitte forvaltningskontoret har no fått nytt namn: Tildelingstenesta.
Publisert: 27.05.2024
Sist endra: 12.06.2024

Det er eit veldig forklarande namn, sidan det er tildelingstenesta som faktisk tildeler tenester. I kommunen er det laga eit skilje mellom bestilling av ei teneste og den som leverer/utfører tenesta. Den som tildeler tenesta skal handsama søknader og generelt sjå til at innbyggjarane i kommunen får dei tenestene dei har krav på etter lova.

Reint formelt betyr dette at ein brukar får eit brev med vedtak om at vedkommande har behov og krav på slik eller slik tilbod. Ein kan også få avslag, som så kan klagast på.

Dersom det er gjort vedtak om tildeling av teneste, er det dei utøvande einingane som skal levera, anten det er ein plass på sjukeheimen eller eit tilbod frå heimetenesta.

Dette kan du søka om

Tenester som kan søkjast om hjå tildelingstenesta:

  • Middagslevering
  • Dagtilbod
  • Tryggleiksalarm
  • Fritidskontakt
  • Heimehjelp og miljøarbeid
  • Helsetenester i heimen - Heimesjukepleie
  • Kvardagsrehabilitering
  • Omsorgsbustad
  • Institusjonsopphald: Avlastingsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald
  • Tilrettelagt butilbod psykisk helse
  • Følgjekort
  • Parkeringskort
  • Anna

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på nettsida: Austrheim kommune - Tildelingstenesta

Kontor på kommunehuset

Tildelingstenesta er i utgangspunktet bemanna tre dagar i veka, måndag, onsdag og fredag, frå 08.00 - 15.00 desse dagane.

Tenesta kan kontaktast på telefon: 56 16 20 00, eller e-post: post@austrheim.kommune.no.