HjemNyheterTil føresette og tilsette i barnehagar og skular

Til føresette og tilsette i barnehagar og skular

Regjeringa har letta på fleire av koronatiltaka, og dei nye reglane var gjeldande frå midnatt natt til fredag 14. januar. Austrheim kommune lettar på tiltaka for barn og unge, og vil frå og med måndag 17. januar gå over til å drifta barnehagar og skular på grønt nivå etter trafikklysmodellen.

I Austrheim kommune har alle barnehagar og skular eigne beredskapsplanar knytt til Covid-19, og skal i tida som kjem bruka trafikklysmodellen på grønt nivå. Vi er budde på at situasjonen kan endra seg raskt, og at vi på kort varsel må gå over til gult eller raudt nivå i trafikklysmodellen. Dersom dette blir sett i verk som tiltak, vil føresette og tilsette få informasjon om dette via barnehagen eller skulen.

Koronavaksine for barn og unge

Barn i alderen 5 – 11 år kan få tilbod om ein vaksinedose. FHI tilrår ikkje at alle barn i denne aldersgruppa tar vaksine. Vaksinen er mest aktuell for barn med kroniske sjukdommar, familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, og barn med auka risiko av andre grunnar. Barn i denne aldersgruppa vil få eigne barnedosar. Dei det gjeld, må ta kontakt med sin fastlege for avtale om vaksinering.

Ungdommar i alderen 12 – 15 år kan få tilbod om dose 2. FHI tilrår at ungdommane kan få dette tilbodet 8 – 12 veker etter dose 1, men det er ingen generell tilråding om dose 2 til ungdommar i denne aldersgruppa.

Dose 2 til aldersgruppa 12-15 år (og dose 1 for dei i denne gruppa som ikkje har fått det) blir gitt på drop in-vaksinering.

Det skal brukast eit eige samtykkeskjema ved vaksinasjon mot koronavirus, når denne er til barn og unge som ikkje har fylt 16 år. Skjemaet kan du finna på denne lenka til Folkehelseinstituttet (klikk her - ekstern lenke).

Skjemaet finnest på fleire språk, du finn dei på denne oversiktssida hjå Folkehelseinstituttet (klikk her - ekstern lenke).

Hald deg oppdatert

Reglar og oppmodingar i høve til nærkontaktar, karantene og testing er i stadig endring. På Helsenorge.no (ekstern lenke) finn du siste nytt om nasjonale reglar og tilrådingar.

Med helsing
Trine Merete Jansen,
kommunalsjef oppvekst og kultur
Austrheim kommune


Sist oppdatert: 17.01.2022
Publisert: 17.01.2022