HjemNyheterTHK-aksjon Årås skule

THK-aksjon Årås skule

THK-aksjon Ukraina

Mellomtrinnet på Årås skule vil også i år ha aksjon/ solidaritetsprosjekt for å hjelpa born, unge og vaksne i Ukraina. Me samarbeider med THK, eit namn som står for tro, håp og kjærlighet. Dette er ein kristen, tverrkyrkjeleg organisasjon som arbeider for å hjelpa folk i Ukraina.

I samband med aksjonen vert det høve til å levera ulike formar for bruksting på skulen fram til THK-kvelden 2. april. Dette kan vera: Reine, brukte klede, sko, leikar, ullteppe, sengetøy, hygieniske artiklar som såpe, tannkrem og tannbørste samt teikne- og skriveutstyr. 

Det er ynskje frå THK at ein betalar eit frakttilskot på kr. 50 for kvar sekk ein leverer. Betal til Ailin på kontoret. 

Dette året får elevane besøk frå Ukraina torsdag 28. mars. Vi gler oss veldig til det. Elevane har laga veggaviser om barnerettar og landet. I tillegg har elevane hatt arbeidsdag og dei har seld lodd.

Det vert "THK-kveld" på skulen, i C-blokka, tysdag 2. april kl. 18.00. Her vert det litt program ved elevane våre, ulike aktivitetar og kafé, alt til inntekt for Ukraina.

Me tek gjerne imot gevinstar til utlodding denne kveden.

Alle er velkomne!!

Helsing elevar og lærarar i C-blokka


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 28.03.2019