HeimNyheterTestar naudvarsel onsdag 12. juni

Testar naudvarsel onsdag 12. juni

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Norge og som er kopla på 4G/5G-nett kan motta meldinga. Ta gjerne ein sjekk av telefonen din for å sjå om den er oppdatert med den nyaste programvara. Om telefonen ikkje er oppdatert, er det ikkje sikkert du får meldinga.

Denne varslingsprøven er den tredje som er gjennomført, og undersøkingar viser at varslinga over mobil når ut til 92 prosent av alle innbyggarane i landet.

Dei som ikkje får varselet har ein telefon utan 4G eller 5G-teknologi, eller dei har vore utan mobildekning då varselet har gått ut.

Tyfonar og mobilvarsel

Parallelt med at politiet testar naudvarsel til mobil, vil også Sivilforsvaret testa tyfonane sine med signalet «Viktig melding – søk informasjon», som er tre seriar med tuting med eitt minutts opphald mellom seriane. Det er rundt 1.250 slike sireneanlegg rundt i landet, ofte plassert ved tettstadar og i byar. 

Du kan høyra dei ulike tyfonvarsla på denne lenka, som går til Sivilforsvaret:

Slik stoppar du mobilvarselet

Det kan vera uroande med slike testar dersom ein ikkje er budd på at det skal skje. Ta gjerne ein prat på førehand med familien og andre, særleg om du har utstyrt borna dine med mobiltelefon.

Varselet kan stoppast som andre varsel på din mobil, litt avhengig av type telefon, om lag på same måte som du snoozar vekkarklokkefunksjonen på morgonkvisten.

Om du ikkje vil ha naudvarselet til din mobiltelefon må du setta telefonen i flymodus eller skru den heilt av frå klokka 11.55 onsdag 12. juni, og ikkje slå den på igjen før etter klokka 12.15.

Det er ikkje tilstrekkeleg å bruka telefonfunksjonar som lydlaus, låg lyd, dempa varsling eller liknande, dette vert overstyrt av naudvarselet.

Brukt av politiet

Politiet har brukt naudvarsel til mobil fleire gonger sidan dette var på plass våren 2023. Mellom anna i samband med flaum er det sendt ut naudmeldingar innan aktuelle område.

Test av tyfonar og naudvarsel til mobil skjer vanlegvis andre onsdag i januar, og andre onsdag i juni.

Du kan lesa meir om naudvarsel på denne offentlege nettsida, Nødvarsel.no


Sist oppdatert: 11.06.2024
Publisert: 11.06.2024