HeimNyheterUTSETT: Temakveld kreft og alvorleg sjukdom

UTSETT: Temakveld kreft og alvorleg sjukdom

OBS: Dette arrangementet var planlagt i mars, men er utsett på grunn av dei siste råda kring Korona-viruset. Det kjem ny informasjon når ny dato er sett.

Alle interesserte er velkommen til temakveld på Seniorsenteret Austrheim, der ein kan få høyra inspirerande innlegg kring gleda ved fysisk aktivitet knytt til alvorleg sjukdom.

Innleiarane er Helene Øydvin, dagleg leiar for Bergen og Hordaland Turlag, og Helge S. Brekke frå KnarvikMila. I tillegg vil Rigmor Ludvigsen frå Frivillighetsentralen informera om deira aktivitet.

Seniorsenteret Austrheim ligg mellom kommunehuset og Nordliheimen, innkjøring frå Austrheimsvegen. Temakvelden den 23. mars er frå klokka 17.30 til klokka 19.30.

Ein kan bla i eller låna med seg aktuell litteratur og brosjyrer, og det vert servert kaffi/te/frukt.

Arrangør er Austrheim kommune, ved kreftsjukepleiar Tove Kristin Sleire Tistel.

Solnedgang


Sist oppdatert: 11.03.2020
Publisert: 07.02.2020