HeimNyheterTa hurtigbåten til dagsturhytta på Vardetangen

Ta hurtigbåten til dagsturhytta på Vardetangen

FjordCard Norled - bilettinformasjon

Har du fått med deg dagsturhytta på Vardetangen? Det har du sikkert, men no kan du tipsa langvegsfarande gjester om at dei kan ta hurtigbåten for å besøka hytta på landets vestlegaste fastlandspunkt.

Reiseselskapet Norled har laga eigne informasjonskort for dei dagsturhyttene som er lette å nå frå næraste hurtigbåtstopp, og Austrheim si hytte på Vardetangen er sjølvsagt med. Både hytta og hurtigbåtstopp har same namn - Vardetangen - og med kaien som turstart kan ein ta med seg både dagsturhytta og friluftsområdet i Årvikane. 

Her finn du Norled sitt informasjonskort om dagsturhytta på Vardetangen (klikk på lenka)

Og når du har besøkt denne, er du kanskje klar for ein av desse?

Norled sitt informasjonskort om dagsturhytta i Askvoll (klikk på lenka)

Norled sitt informasjonskort om dagsturhytta i Selje (klikk på lenka)

Ideen om dagsturhytter vart skapt i det tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og vart så spreidd til Hordaland-delen av det som i dag er Vestland fylke. Les meir om dagsturhytteprosjektet hjå Vestland fylkeskommune, klikk på denne lenka.

Om du reiser med Norled kan du kjøpa ei eige vekepass som gjeld for reiser frå Bergen og nordover til og med stoppa i tidlegare Sogn og Fjordane. Her kan du reisa med FJORDcard - Norled (klikk på lenka)

Rogaland sa nei til å vera med i eit storfylke i vest, men ideen om dagsturhytter har dei teke til seg, og no kjem det små hytteturmål også der. Dermed er det etter kvart eit stort område å reisa til, for dei som samlar på dagsturhytter.


Sist oppdatert: 11.05.2021
Publisert: 11.05.2021