HjemNyheterTa 3. vaksinedose – gå klar karantene

Ta 3. vaksinedose – gå klar karantene

Ein del av desse endringane, er at det no er like reglar om isolasjon og karantene uansett kva virustype du er smitta med, eller har ein nærkontakt som er smitta med.

Fritak frå karantene etter 3. dose

For karantenereglane er det no slik at det er fritak for karantene om ein har tatt 3. dose med vaksine, dette sidan smittefaren er lågare for dei som har vaksinert seg med 3. dose.

Karantene-fritak for dei som har tatt 3. dose/oppfriskingsdose tek til når det har gått minst ei veke etter vaksinering med 3. dose. Er det ein i din husstand som er Korona-smitta, eller du er tilsvarande nær, må du testa deg dagleg med hurtigtest i ei veke etter nærkontakten, eller annakvar dag like lenge med PCR-test, men du treng altså ikkje sitja heime i karantene i denne perioden.

Det er også fritak frå karantene for dei som har hatt Korona. Perioden med karantene-fritak startar frå vedkommande er ute av isolasjon, og til tre månader etter positiv Korona-prøve.

Ikkje karantene om klassekamerat er smitta

Det er gitt unntak frå smittekarantene for born og unge under 18 år, i tilfelle der den som er under 18 år ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære den som er smitta.

Dette betyr at eit barn ikkje skal i karantene dersom det til dømes er ein i skuleklassen eller i barnehagen som er smitta. Det er likevel tilrådd at barna testar seg for smitte.

Barn under 18 år som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær den som er smitta skal i smittekarantene på lik linje med vaksne, og kan testa seg ut av karantene etter 7 dagar slik som vaksne (sjå under).

Karantene for andre

Det er altså like reglar for karantene uansett kva virus som har komme i hus. Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære skal i karantene, men kan testa seg ut av karantene etter 7 døgn, ved å ta ein test med negativt resultat.

Andre nærkontaktar (ikkje i same husstand) kan testa seg ut av karantene etter 3 døgn, ved å ta ein test med negativt resultat. Om dei testar seg ut av vanleg karantene på denne måten, skal dei likevel vera i fritidskarantene fram til det har gått 7 døgn, og det er tatt ein negativ test etter 7 døgn.

Karantenereglane har enkelte unntak for personell i kritiske samfunnsfunksjonar i arbeidstida, med mellom anna krav om negativ test same dag som arbeidet skal gjennomførast.

Isolasjon for dei som er smitta

Enkelte skal i karantene, medan dei som er smitta skal i isolasjon. Personar som er stadfesta smitta av SARS-CoV-2, men ikkje har symptom, skal isolera seg i 6 døgn rekna frå tidspunktet for testen som gav positivt resultat for SARS-CoV-2.

Personar som er stadfesta smitta av SARS-CoV-2, og som har symptom, skal isolera seg i minimum 6 døgn frå symptoma starta. Isoleringa skal i tillegg ikkje avbrytast før personen har vore feberfri i minst 24 timar, utan at det er brukt febernedsettande medisin.


Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 15.12.2021