Feira nye fagarbeidarar
Dei nye fagarbeidarane er Ann Kristin Sæle Rosendahl i barne- og ungdomsarbeidarfaget og Stephanie Rose Generoso i helsefag.
Det har vore utdeling av fagbrev på svennegilde på Alver hotell fredag 25. januar 2019. Det var først ei formell samling med utdeling av fagbrev, etterfulgt av festmiddag.
I tillegg til dei nye fagarbeidarane var ordførar Per Lerøy, personalkonsulent Wenche Myrmel, fagleg ansvarleg Elin Veland Erichsen og rettleiar Julie Brekkhus Hay med på feiringa.
Sist oppdatert:
02.05.2019
Publisert:
28.01.2019