HjemNyheterStøtte til landbruket - 2021

Støtte til landbruket - 2021

Du kan søkja om tilskot til tiltak du har byrja på dette året, eller som du planlegg å starta med.

Døme:

  • Forbetring av dyrkingstilhøve i eit endra klima (klimatilpassing)
  • Tiltak som reduserer avrenning til bekkar og vassdrag
  • Nydyrking - maks tilskot inntil 50 % - godkjent kostnad
  • Dreneringstiltak - maks kr 30 pr meter
  • Landbruksvegar - maks 50 % av kostnadsoverslag
  • Branngaterydding
  • Ny gjerdeteknologi - no fence (ikkje fysiske gjerde)Maks tilskot kroner 800/klave. Maks 15 000 kroner pr. bruk
  • Kulturlandskapstiltak, som:
  1. Rydding
  2. Lyngheiskjøtsel, brenning/rydding
  3. Gjerding
  4. Tilrettelegging for ålmenta (stiar/ferdselsvegar/gjerdeklyv/skilt/bord/benkar)

Søknad må være mottatt innan 20. november 2021.

Bruk vedlagt søknadsskjema (klikk på lenka).

Her finn du retningslinene for tildeling av midlane (klikk på lenka).

Søknaden skal sendast til Austrheim kommune på e-post: post@austrheim.kommune.no

Ønskjer du å få tilsendt søknadsskjemaet på e-post, send ei melding til : post@austrheim.kommune.no

Husk kart /foto over tiltaket (bruk gjerne kart frå https://www.nibio.no/tjenester/gardskart, klikk på lenka).

Ta kontakt med landbrukskontoret om du treng hjelp. Austrheim kommune er del av Felles landbrukskontor med kontorplass hjå Alver kommune i Knarvik, dei har telefon 56 37 50 00. Marie Skogrand hjå Felles landbrukskontor vil vere i Austrheim rådhus annakvar torsdag, fram til årsskiftet er det stort sett i partalsveker.


Sist oppdatert: 03.11.2021
Publisert: 03.11.2021