Stor skogbrannfare
Meteorologisk institutt har måndag sendt ut varsel om stor skogbrannfare for Vestland.
Publisert:
20.05.2024
Sist endra:
20.05.2024
Det har komme uvanleg lite nedbør den siste tida, og det gjer at vegetasjon særs lett kan ta fyr, og elden kan spre seg over større område.
For å unngå brann i gras, lyng, kratt og skog er rådet at alle kuttar ut bål og andre former for open eld, fram til det har regna skikkeleg.
Det er oransje farevarsel, det vil seia at faren er 3 på ein skala frå 1 til 4, der 4 er mest alvorleg.