HeimNyheterStenging av vatn

Stenging av vatn

Vatnet vert stengt i 2 timar frå kl. 10.00 laurdag 7. mars. Dette gjeld i første rekke Litlåsvegen og fram til Mongstadkrysset. Vassabonnentar i resten av kommunen kan også merke bortfall av vatn og redusert trykk. Vi oppmodar alle om å redusere vassbruken i desse timane. 

Når vatnet er tilbake er det viktig at de tappar godt med kaldt vatn, til det er blankt og fint. Skru gjerne av silen på kranen når du tappar.

Vi beklager ulemper dette fører til. Teknisk drift i kommunen


Sist oppdatert: 06.03.2020
Publisert: 06.03.2020