HjemNyheterStenging av matrikkelen

Stenging av matrikkelen

Ei rekkje kommunar og fylke får nye nummer frå 1. januar 2020, i samband med at kommunar og fylke slår seg saman. Austrheim held fram med dagens grenser, men skal over i eit større fylke, og får frå 1. januar kommunenummer 4632.

I samband med omlegginga så vil Statens Kartverk gjera ei stenging av matrikkel og grunnbok i desember. Matrikkelen er det offisielle registeret over all fast eigedom, inkludert bygningar, bustader og adresser. Denne vert stengt for all oppdatering i perioden 13. desember 2019 klokka 18.00 til utløpet av 1. januar 2020. Merk deg at dette er kartverket si stenging, skal du ha noko meldt inn via kommunen må du rekna inn tid til vår sakshandsaming. Eigenerklæringsskjema for konsesjonsfridom kan leverast til kommunen på papir i denne perioden, kommunen kan godkjenna dette manuelt.

Grunnboka er registeret over rettar i eigedom, som til dømes vegrett. Denne vert stengt for all oppdatering i perioden 27. desember 2019 klokka 20.00 til utløpet av 1. januar 2020.

Både gammal og ny matrikkeleining vil bli akseptert av Statens Kartverk for tinglysing i 90 dagar etter nyttår. Dette betyr at avtalar, heimelsdokument, pantedokument, konsesjonserklæringar med meir som er produserte før nyttår med gammal matrikkeleining, kan nyttast for tinglysing fram til 30. mars 2020. For meir informasjon sjå Statens Kartverk si heimeside, www.kartverket.no.


Sist oppdatert: 19.11.2019
Publisert: 19.11.2019