Stenger vegen i Vikane

Bilen må du dermed få forbi her seinast tidleg måndag.
Stenginga er like ved krysset mot gangvegen til Austrheimhallen (raudt kryss), men Alversund Maskinstasjon vil halda turvegen open, slik at ein kan parkera bilen ved Austrheimhallen og spasera dit. Ver varsam om du går forbi, arbeidet er like ved dette krysset.
Arbeidet er for vassleidningane som kjem frå Austrheimhallen, som skal forlengast til vika ved sildefabrikken, for å knytast saman med sjøleidningen frå Utkilen.

Kart som viser stenging av veg


Sist oppdatert: 25.02.2022
Publisert: 24.02.2022