Stenger vatnet til Skoteneset/Kvalvågen igjen
På grunn av vedlikehaldsarbeid på vasstilførselen til Skoteneset/Kvalvågen blir vatnet stengt torsdag 25. april frå klokka 09.00.
Publisert:
23.04.2024
Sist endra:
23.04.2024
Arbeidet er venta å bli ferdig i løpet av føremiddagen, slik at vatnet er tilbake til klokka 11.00.
Når det er vatn i springen igjen, kan det vera misfarga brunt/gult. La det renna kaldt vatn til det er reint, i den krana som er lågast i huset og nærast vassinntaket.
Du må kanskje også reingjera sila i vasskrana.
Dei som bur i dette området vart varsla om stenginga med SMS tysdag 23. april.