HjemNyheterDyrnes, Rebnord, Øksnes og øyane tysdag 24. september

Dyrnes, Rebnord, Øksnes og øyane tysdag 24. september

Det kommunale vassverket blir stengt tysdag 24. september frå klokka 09. Stenginga gjeld området frå og med Dyrneset og nordover til Rebnord, Øksnes og øyane.
Publisert: 23.09.2024
Sist endra: 24.09.2024

Vatnet skal vera tilbake klokka 10. Stenginga skuldast vedlikehald.

Tapp det vatnet du treng i denne tida, og ikkje start vaskemaskin, oppvaskmaskin eller anna som treng vatn i dette tidsrommet.

Når vatnet er kopla på at kan det vere litt misfarga, det kjem av at avleiringar i røyrnettet løsnar når trykket vert sett på att. For å unngå å få desse avleiringane inn i varmvasstanken og oppvaskmaskina, er det bra å tappa kaldt vatn frå den krana som er nærast inntaket, til det er reint.