HeimNyheterStenger vatnet på deler av Kaland 21. og 22. april

Stenger vatnet på deler av Kaland 21. og 22. april

Kart som viser kvar vatnet vert stengt

For abonnentar på det kommunale vassverket: I samband med oppgradering av VA-anlegget og ei ny grøft for BKK, vert vatnet stengt onsdag 21. og torsdag 22 april på Kaland, frå Fonnes senter og ned til sjøen. Vatnet vert begge dagar stengt frå klokka 10.00 til klokka 15.30.

Det vert etablert provisorisk vassforsyning. Når vatnet vert sett på igjen kan det vera misfarga, då bør ein tappa til fargen er vekke. Tapp berre kaldt vatn, slik at du ikkje får det misfarga vatnet inn i varmvasstanken.

Det er sendt SMS-varsel til dei abonnentane som vert direkte råka av stenginga.

Mvh VA-avdelinga i Austrheim kommune

PDF med kartet over stenginga (klikk her)


Sist oppdatert: 21.04.2021
Publisert: 20.04.2021