HjemNyheterStenger vatnet onsdag 28. august

Stenger vatnet onsdag 28. august

Oppdatert 28.08 klokka 20:30 - Oppmodar alle abonnentar i heile kommunen til å bruke så lite vatn som mogeleg. Mengda i vasstårnet minkar fort. Snart vil mange merke at dei mistar vatnet eller at dei får dårleg trykk. Det er planlagt arbeid på hovudvassleidningen som er årsak til dette.

Mandag 26.08:
Det kommunale vassnettet vert stengt frå kommunegrensa på Litlås og til og med Kalandssjøen, onsdag 28. august frå klokka 19:00. Stenginga varar utover kvelden og natta. Oppmodar alle som har kommunalt vatn om å bruke minst mogeleg vatn denne kvelden.

På grunn av omlegging av hovudvassleidningen må vatnet stengast. Arbeidet kan vare utover natta, men når du vaknar torsdag morgon skal det vere vatn i springen din att. 


Tapp det vatnet du treng i denne tida, og ikkje start vaskemaskin, oppvaskmaskin eller anna som treng vatn etter klokka 19:00 onsdag. 

Når vatnet er kopla på at kan det vere litt misfarga, det kjem av at avleiringar i røyrnettet løsnar når trykket vert sett på att. For å unngå å få desse avleiringane inn i varmvasstanken og oppvaskmaskina, er det bra å tappa kaldt vatn frå den krana som er nærast inntaket, til det er reint. 


Sist oppdatert: 29.08.2024
Publisert: 26.08.2024