HeimNyheterStenger vatnet måndag 8. juli

Stenger vatnet måndag 8. juli

Det kommunale vassnettet vert stengt frå og med Austrheimfeltet og vestover og nordover i kommunen, måndag 8. juli frå klokka 10 til 12.
Publisert: 05.07.2024
Sist endra: 05.07.2024

På grunn av arbeid på vassnettet må vatnet stengast av i to timar. Tapp opp det vatnet du treng i denne tida, og ikkje start vaskemaskin, oppvaskmaskin eller anna som treng vatn i tidsrommet frå klokka 10.00 til 12.00.

Stenginga er ved Austrheimfeltet (Blomhaugane), og vil tørrlegga dette området, samt Hopland, Austrheim, Bergsvik, Lerøy og nordover med Dyrnes, Øksnes og øyane.

Når vasstrykket er tilbake kan vatnet vera litt misfarga, det kjem av at avleiringar i røyrnettet løsnar når trykket vert sett på igjen. For å unngå å få desse avleiringane inn i varmvasstanken og oppvaskmaskina, er det bra å tappa kaldt vatn frå den krana som er nærast inntaket, til det er reint.