Stenger vatnet frå Årås og vestover
I samband med arbeid på hovudvassleidningen vil vatnet bli stengt frå Åråsvågen og vestover på dagtid onsdag 8. november og torsdag 9. november.
Publisert:
07.11.2023
Sist endra:
07.11.2023
Det er sendt SMS til dei som vert råka, men gje gjerne ein lyd til familie som kan bli omfatta av stenginga, for å hjelpa oss med å sikra at alle har fått beskjed.
Tidsrom for stenging av vatn:
- Onsdag 8. november klokka 08.30 - 16.00.
- Torsdag 9. november klokka 08.30 - 12.00 (men slutt-tidspunkt torsdag kan bli endra).
Omfanget for stenging av vatn:
- Arbeidet med hovudvassleidningen skjer i Åråsvågen, og heng saman med arbeidet på ny gangveg frå Åråsvågen og opp i Åråsfeltet.
- Alle som har kommunalt vatn frå Åråsvågen og vestover kan venta å missa trykket i springen i tidsromma som er angitt, det vil seia Åråsfeltet og alle vestover, som Austrheimfeltet, med fleire.
- Leikvoll og Solend blir ikkje råka av stenginga.
Kva gjer du før vatnet er vekke?
- Det er lurt å tappa opp drikkevatn, slik at du har til kaffien og liknande.
- Fyll vatn i nokre panner om du har planar om å koka poteter eller spaghetti.
- Ha vatn i ei bøtte til å skylla ned i toalettet, og gjerne nokre tomme brusflasker slik at du har noko å vaska hendene med når det trengs.
Kva gjer du når vatnet er tilbake?
- Det kan bli noko misfarging på vatnet når trykket blir sett på igjen.
- For å unngå å få desse avleiringane frå røyra inn i varmvasstanken din, er det bra å tappa kaldt vatn til du ser at vatnet er reint.
Arbeidet no er del av ei større oppgradering av vassnettet i kommunen. Dei siste åra er det lagt ny hovudvassleidning i fleire strekk, både i sjø og over land, for å sikra vassforsyninga.
Les meir om arbeidet med hovudvassleidning og gangveg på denne lenka, klikk her: Gangvegen i Åråsvågen