HjemNyheterStenger vatnet her og der

Stenger vatnet her og der

Det vert jobba med å få betre vassforsyning frå Kaland-sida over mot vasstårnet på Årås, og no er det på Utkilen, i Mastrevik og ved Austrheimhallen det skjer.

  • Denne veka fram til jul er det gravearbeid ved innkjøringa til parkeringsplassen ved Austrheimhallen. Du kjem fram med bil, anten du skal henta born eller ta vaksine, men det er ein liten omkjøringssving. Kjører du heilt på gammal vane kan det bli behov for ny bil til jul, sidan vegen er erstatta med eit hol. Sjå etter skilt og gjerde, så går det bra.

  • I samband med arbeidet på den nye overføringsleidningen mellom Utkilen og Mastrevik, vert vatnet stengt i eit område ved Vikane på onsdag 22. desember. Vatnet vert vekke frå klokka 09 til 17.

  • I samband med arbeidet på den nye overføringsleidningen mellom Utkilen og Mastrevik, vert vatnet stengt i eit område på Utkilen på onsdag 29. desember. Vatnet vert vekke frå klokka 09 til 17.

Sist oppdatert: 20.12.2021
Publisert: 20.12.2021