HjemNyheterStenger skular og barnehagar

Stenger skular og barnehagar

Austrheim kommune har med heimel i Smittevernlova paragraf 4-1 bestemt å stenga skular og barnehagar. Stenginga er eit førebyggande tiltak for å redusera faren for Korona-smitte.
Kommunen hadde som utgangspunkt stenging frå måndag 16. mars, men i etterkant av denne avgjerda kom Regjeringa med eit strengare vedtak, som seier at skulane og barnehagane er stengde frå og med fredag 13. mars. 

I samråd med kommunalsjef for kultur og oppvekst vert det lagt opp til at born kan komma i barnehagen og på skulen fredag 13. mars for å henta bøker og anna. Det er også mogleg å ha borna i barnehage og på skulen heile denne dagen, om det ikkje er mogleg for foreldra å organisera noko anna for denne fredagen. For skule og barnehage vidare er kommunen pålagt å organisera eit tilbod for born der foreldra jobbar innanfor det som er definert som "kritiske samfunnsfunksjonar". Det vil kommunen komma tilbake til.

Frå torsdag 12. mars stenger også kulturskulen, alle idrettsanlegg i kommunen, også symjebassenget. Stengt er også biblioteket og ungdomsklubben, for all aktivitet både på dag- og kveldstid.

Barnekor i regi av kulturskulen tar pause i øvingar framover.

Legekontoret vil ha redusert kapasitet, og ein må rekna med at timar vert utsette.

Kommunen oppfordrar lag og organisasjonar til å redusera sin aktivitet, for å unngå spreiing av smitte. Helsedirektoratet har lagt strenge føringar på kva som er tillete.

Kommunen vil også opplysa om at besøk til sårbare grupper, på sjukeheimen og andre stader, vil verta avgrensa.

Har du spørsmål? Send ein e-post til post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 12.03.2020
Publisert: 12.03.2020