HjemNyheterStatus på arbeidet med bustader for eldre

Status på arbeidet med bustader for eldre

Denne informasjon er i dag 18. september sendt til dei innbyggjarane som tidlegare i år har meldt interesse for bustad med livsløpsstandard.
Publisert: 18.09.2024
Sist endra: 18.09.2024

Etter initiativ frå dei folkevalde på tampen av 2023, hadde kommunen ved nyttår ute ei spørjeundersøking der innbyggjarane kunne melda si interesse for bustad med livsløpsstandard, anten i Kaland-området eller i Sætremarka/ved Mastrevik Torg. Undersøkinga viste at det var veldig stor interesse for denne typen bustader sentralt i kommunen, og lite interesse for bustader på Kaland.

Svara frå undersøkinga vart teke vidare av dei folkevalde i Levekårsutvalet, som bestilte ulike utgreiingar frå administrasjonen for å sjå korleis ein kan få fart på ei utbygging av bustader med livsløpsstandard.

Administrasjonen har kvittert med at det kan vera krevjande om kommunen skal stå for denne utbygginga, sidan dette betyr auka kommunal lånegjeld, i ein situasjon der dei folkevalde også ser på ei mogleg utbygging av eit nytt helsetun i kommunen. Også dersom det kommunalt eigde eigedomsselskapet står som utbyggar vil det auka den kommunale lånegjelda, sidan dette eigedomsselskapet er 100 prosent eigd av kommunen.

Men det er mogleg å få til bustader i samarbeid med private utbyggjarar, der kommunen ikkje forpliktar seg til noko økonomisk. Utbyggjaren kan få ein låneavtale med Husbanken, der bedrifta får 50 års nedbetaling på lån frå Husbanken. Vilkåret er at utbyggjar inngår ein avtale med kommunen om tilvising av minst 40 prosent av dei leilegheitene. Det har vore ei utlysing der private utbyggjarar kunne melda si interesse for å bygga ut med denne typen finansiering frå Husbanken, og med slik tilvisingsavtale, og det var fleire verksemder som melde interesse. Administrasjonen går vidare med møte desse verksemdene, og med Husbanken.

Dette betyr at:

  • Kommunen går ikkje vidare med bygging av bustader med livsløpsstandard i eigen regi.
  • Kommunen jobbar vidare med å få til eit samarbeid med private verksemder, burettslag og ideelle organisasjonar, om utbygging av bustader med livsløpsstandard. Kommunen kan om det er ønskjeleg stilla kommunale tomtar til disposisjon til slike prosjekt.

Det er ikkje mogleg å setja nokon dato på når desse bustadene kan stå klare, sidan dette avheng av korleis dei private verksemdene reknar på dette, med påverknad frå rentenivå og anna aktivitet dei har.