HjemNyheterStatsforvaltaren førebur regional Korona-forskrift i bergensområdet

Statsforvaltaren førebur regional Korona-forskrift i bergensområdet

For å sikra best mogleg informasjon til innbyggjarane og næringslivet, går Statsforvaltaren no ut med ei felles pressemelding om det arbeidet som er på gang. 

– Vi har ein tett og god dialog med Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet om saka. Eit av fleire vurderingstema er kor mange kommunar forskrifta skal omfatte. Vi legg opp til eit møte i morgon føremiddag der kommunane og helseføretaka kan kome med innspel til utkastet, heiter det i pressemeldinga.

– Kommuneoverlegane og sjukehusa har gitt eit klart råd om å få raskt på plass tiltak som kan bidra til å redusere presset på tenestene. Vi vil gjere vårt for at saka skal kome raskt fram til regjeringa. Vi vil lytte til innspel, men det handlar om å finne ei forskrift som tener det store fellesskapet, seier fungerande statsforvaltar Gunnar O. Hæreid.

Om og når ei slik forskrift blir vedteken, vil det sannsynlegvis også omfatta Austrheim kommune. Kommunen har det siste året hatt same råd og tiltak som dei andre omegnskommunane til Bergen, som Alver, Askøy og Øygarden med fleire.


Sist oppdatert: 02.12.2021
Publisert: 02.12.2021