HjemNyheterStartar gruppe for balansetrening

Startar gruppe for balansetrening

Balansegruppa er planlagt som ei treningsgruppe med 8 deltakarar, som trenar ein time i veka i 8 veker. Om det er mange som vil vera med på balansetrening, vil dei vurdera å starta opp ei gruppe til.

Gruppetreninga vert leia av fysioterapeut, som tar vanleg gruppetakst for timen. Deltakarane på treningane kan bruka pasientreiser til å komma seg til og frå gruppetreningane.

Gruppedeltakarane vil få informasjon frå ergoterapeut om kva som finnest av tilgjengelege hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen, og kan ved behov få tilbod om heimebesøk.

Inntakskriteria for balansegruppa er desse:

  • Må kunna følgja instruks og kopiera instruktør.
  • Må kunna reisa seg utan støtte frå andre personar.
  • Må kunna gå 100 meter, med eller utan hjelpemiddel.
  • Må kunna stå i 30 sekund utan støtte.  

Oppstartsdato for balansegruppa er planlagt til torsdag 17. februar. Treningane er frå klokka 11.00 til 12.00. Med 8 treningar blir den siste treningane for gruppa torsdag 7. april, såframt ein kan starta treningane 17. februar med dei Korona-reglane som måtte gjelda då.

For påmelding kan folk ta direkte kontakt med dei tilsette på Ergo- og Fysioterapiavdelinga:

  • Artur Øvreås - fysioterapeut tlf. 91720143
  • Alise Bruvik Sudmann - fysioterapeut tlf. 94506753 (tilgjengeleg tysdag og torsdag)
  • Roger Villanger - fysioterapeut tlf. 42851802
  • Hrabba J. H. Øksnes - ergoterapeut tlf. 96626465 (tilgjengeleg måndag til torsdag)

Ergo- og fysioterapiavdelinga ønskjer deg velkommen på trening!


Sist oppdatert: 09.02.2022
Publisert: 09.02.2022