HeimNyheterSSB trur på folketalsvekst

SSB trur på folketalsvekst

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine utrekningar for folketalsutvikling viser at Austrheim kommune vil auka med 556 personar fram til 2050 (30 år).

Folketalet i dag er på 2.870. I 2050 vil det truleg vera på 3.426. Dette er ein auke på over 19%.

Totalt vil Norge ha seks millionar innbyggjarar i 2050, om SSB treff blink med sine prognosar. Veksten i nabokommunen Alver er stipulert til å vera på om lag 14 % og i Bergen kommune om lag 12 %.

Sjå denne linken til SSB for meir informasjon om folketalsutviklinga i kommunane i Norge: www.ssb.no


Sist oppdatert: 19.08.2020
Publisert: 19.08.2020