HeimNyheterSpørjetime i kommunestyret torsdag 24. september

Spørjetime i kommunestyret torsdag 24. september

Dette kommunestyret vart utsett frå 17. til 24. september på grunn av Korona-situasjonen. Det er omgjort til eit Teams-møte, men ein kan likevel møta på samfunnshuset for å høyra på.

I retningslinjene for spørjetimen heiter det at alle kan stilla spørsmål, men desse må vera innmelde og avklara med ordførar (Per Lerøy) seinast seks timar før møtet. Om ein ønskjer utfyllande svar må spørsmåla meldast til ordføraren seinast 48 timar før møtet. Ordføraren når du på e-post: per.leroy@austrheim.kommune.no

Møtet er i Austrheim samfunnshus, og startar med spørjetime frå klokka 18.00.

Spørsmålsstillar får høve til å stilla eitt oppfølgingsspørsmål.

Det kan ikkje stillast spørsmål om saker som står på saklista til dette kommunestyremøtet, og spørsmål kan ikkje realitetshandsamast i møtet.

Spørjetimen varer normalt inntil ein halv time, men ordførar kan avgjera at det i einskilde tilfelle skal setjast av meir tid til spørjetimen.


Sist oppdatert: 23.09.2020
Publisert: 02.09.2020