HeimNyheterSpar på vatnet!

Spar på vatnet!

Vass- og avlaupsavdelinga i kommunen kan med digitale vassmålarar ute i nettet overvaka forbruket frå time til time, og per no er vassforbruket høgt jamt over.

Høgt forbruk vil over tid gje utfordringar med vassforsyninga i kommunen, og det kan bli vanskeleg å forsyna alle abonnentar med vatn. Høgdebassenget på Åras blir tappa ned, og det gjer at brannvesenet ikkje har den reserven dei treng om det skulle oppstå brann. Høgt vassforbruk gjer også drifta av vassverket dyrare, sidan driftsavdelinga må bruka tid på å leita etter moglege lekkasjar.

Det er såleis i alle si interesse at både fastbuande og hytteeigarar i kommunen tek del i arbeidet med å redusera forbruket. Dette inneber å sjekka at det ikkje er lekkasje på private stikkleidningar, noko som gjerne kan oppstå i samband med kulde.

Me minner om at det ikkje er lov å la vatnet renna for å unngå at det frys, det ein kallar frosttapping. Har du ein utekran du er redd skal frysa, eller kran i eit rom som ikkje er oppvarma, må du ta andre grep enn å la det renna. Det kan vera å stenga av vatnet nærare inntaket, eller montera varmekablar der du er redd for frost.

Susar det i vassrøyra i bustaden/hytta di, kan det vera teikn på lekkasje i leidningsnettet, anten i din bustad eller i det nærliggande kommunale leidningsnettet. Høyrer du susing bør du sjekka vassrøyra, og ta kontakt med driftsavdelinga i kommunen. Dess raskare ein finn lekkasjen, dess mindre vatn går tapt.

Generelle råd for sparing av vatn: 

  • Slutt med frosttapping.
  • Reparer lekkasjar, drypande kranar og rennande toalett.
  • Ha et bevisst forhold til eige vassforbruk, og ikkje bruk meir vatn enn du må.

Sist oppdatert: 08.02.2021
Publisert: 08.02.2021