HjemNyheterSolceller på gardsbruket ditt?

Solceller på gardsbruket ditt?

Innovasjon Norge har fått nye retningslinjer frå og med år 2021 innan Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket.

Med desse retningslinjene er det mogleg for Innovasjon Norge (IN) å gje støtte til varmepumper og solcelleanlegg, under ordninga "Fornybar energi i landbruket". For 2022 er den nasjonale ramma for dette verdiskapingsprogrammet på 107 millionar kroner.

I ei melding frå Innovasjon Norge heiter det at dei gjev støtte til reine solcelleanlegg som eit tiltak for å hjelpa landbruket til å redusera klimaavtrykket i matproduksjonen. Solcellene har dessutan vorte billegare og meir effektive dei siste 5 – 10 åra.   

Finansiering av støtte til solenergi kjem inn under det Innovasjon Norge kallar gardsanlegg med næringsformål. Eit krav her er mellom anna at det er aktiv landbruksdrift på garden, samt eit forbruk på minimum 25 000 KWh i næringssamanheng. Tanken er at dette skal vera kortreist energiproduksjon, altså at energien blir brukt på gardsbruket.

Dei som vil søka om støtte til solcelleanlegg bør starta med å sjekka forbruket av straum frå 1. april til kring 1. oktober, dette er den perioden solcellene produserer 70-80 % av straumen gjennom året. Ein føresetnad frå Innovasjon Norge er at du bør bruka det aller meste av straumen (70 – 90 %) sjølv, for å redusera det som skal ut på nettet for levering til andre. Det som går ut på nettet blir betalt med spotpris, der er snittprisen siste 5 år på kring 20 – 25 øre / kWh.

Leverandørane av anlegg lagar gjerne simuleringsrapportar som viser kor stor del av den produserte solcelleenergien du kan utnytta sjølv. 

Her er lenkje til heimeside og søknadsskjema dersom du vil søka om støtte, klikk her:

Inne på skjemaet for bioenergi søker du på Gardsvarmeanlegg i næring. I 2022 vil Innovasjon Norge normalt gje inntil 25 % støtte. Dersom du tenkjer å søka om støtte er det fint om du til søknaden legg ved:

  • Totaltilbodet frå leverandør.
  • Dokumentasjon på kraftforbruk i perioden 1. april til 1. oktober.
  • Eventuelt framtidig kraftbehov.
  • Næringsoppgåve for siste år.
  • Skattemelding for eventuelt begge ektefellar/sambuarar.

Søknad om støtte kan sendast inn frå 1. november 2021, og blir handsama på nyåret 2022. Søknaden må sendast før du investerer, og på grunn av stor pågang rår Innovasjon Norge til at det blir søkt seinast februar 2022.

Her er ei oversikt over aktuelle solcelleleverandørar i Vestland og Rogaland (Innovasjon Norge skriv at det kan vera fleire leverandørar i regionen):
 
1. Norsk Solenergiforening - Kompetansemiljø
2. Solbære AS (Bergen)
3. Solcellespesialisten
4. Otovo Solar
5. Solcellekraft AS
6. Kverneland Energi – Klepp i Rogaland
7. Haugalandet Kraft
8. BlueTec Vest AS - Årdal i Sogn
 
Kontaktperson i Innovasjon Norge Vestland, med kontorstad Bergen, er Åge Bremer, e-post age.bremer@innovasjonnorge.no, telefon 97 59 30 36.


Sist oppdatert: 12.11.2021
Publisert: 12.11.2021