Søk om tilskot til mangfald- og inkluderingstiltak
Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.
I målgruppa for ordninga er:
- Barn og unge i alderen 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
- Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresenterte eller opplever særskilte barrierar.
- Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
- Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.
Føremålet med tilskotsordninga er å skapa varig auka deltaking. Ein kan få tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter.
For å søka må mottakar vera:
- registrert i Frivillighetsregisteret, eller
- kommunal fritidsklubb/ungdomshus
Søknadsfristen er 13. juni kl. 13.00.
Les meir om ordninga hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet (ekstern lenke):
Sist oppdatert:
24.05.2022
Publisert:
24.05.2022