HjemNyheterSøk om støtte til strandrydding

Søk om støtte til strandrydding

Midlane kjem frå Miljødirektoratet, men det er Nordhordland og Gulen interkommunale renovasjonsselskap (NGIR) som formidlar midlane her lokalt.

Lag og organisasjonar kan søka om støtte. Søknadsfristen er 1. august, men du må vera ute i god tid, sidan sjølve søknadsskjemaet ikkje er publisert på nett.

Først må de senda ein e-post til strandrydding@ngir.no, der de legg ved eit bilete av området de vil rydda, og ei kort skildring av prosjektet. NGIR vil så senda eit søknadsskjema, som de må fylla ut og levera innan søknadsfristen 1. august. 

Ønskjer du meir informasjon kan du kontakta NGIR, på telefon 418 65 496, eller les meir på deira heimeside (klikk på denne lenka for å gå dit).

 

Kjekt å vita om ryddeaksjonen:

• Det er frivillige lag og organisasjonar som kan få støtte til ryddeaksjonar i nærmiljøet.
• Ryddeaksjonen kan vera ved sjøen, langs elver og vatn, stiar, holmar og andre stader i naturen der det er eigarlaust avfall.
• Du kan henta utstyr til dugnaden og handsaming av avfallet (hanskar/sekkar) hjå NGIR.
• Omfanget av ryddeaksjonen avgjer kor mykje de får for ryddeinnsatsen.
• For å få støtte må laget/organisasjonen ha organisasjonsnummer, det har alle som er registrerte i Brønnøysundregistra.
• Ryddeaksjonen må være avslutta og avfallet levert på ein av NGIR sine gjenvinningsstasjonar innan oktober 2023.

Ryddeaksjon NGIR - Fotobyline Irene Fossheim


Sist oppdatert: 07.06.2023
Publisert: 07.06.2023