HjemNyheterSmittevernet gjeld også for julebukkane

Smittevernet gjeld også for julebukkane

Det er mange ting som har vore annleis i 2020, og det heldt nok fram også nyttårskvelden. Det er dei nasjonale råda som gjeld framleis, med mellom anna ein meters avstand og færrast mogleg kontaktar utanom dei næraste.

Avstand og lite kontakt passar jo ikkje heilt saman med å fylla Coop-nettet med smågodt frå heile Austrheimfeltet og halve Åråshøgda. Dermed bør ein heller leita etter alternativ til den tradisjonelle runden som jule- eller nyttårsbukk i år. Kanskje kan familien avtala med venner, som er nærkontaktar eller i same klasse/kohort i skule og barnehage, om å gå til kvarandre?

Eller rett og slett ta ein runde utan å samla snop, og heller loppa mor og far for litt ekstra heime?

For dei som skal ut, gjeld desse generelle råda: 

  • Alle som skal vera med, må vera friske.
  • Gå i små grupper, og med dei du er saman med til dagleg.
  • Hald avstand til andre grupper, til dømes om det er kø utanfor eitt hus.
  • Ikkje del snopefangsten med dei andre du går med.
  • Ikkje sprett fangsten før du er ferdig med runden, og er vel heime der du har vaska eller sprita hendene. 
  • Ha gjerne med ein vaksen som kan passa på at smittevernet vert etterlevd.
  • Og skummel påkleding eller ikkje, refleks må du sjølvsagt ha på deg.

For dei som er heime og tek i mot jule-/nyttårsbukkar:

  • Hald minst ein meters avstand.
  • Alt godteri som skal delast ut, skal vera innpakka, og klargjort med reine hender eller med hanskar på.
  • Har du luftvegssymptom, kjenner du deg ikkje pigg eller synest du rett og slett at dette godt kan venta til neste nyttår: Heng gjerne opp ein lapp på døra med ein beskjed som dette: "Velkommen tilbake som julebukk 31. desember 2021".

Sist oppdatert: 30.12.2020
Publisert: 30.12.2020