HjemNyheterSmittetal - utdeling av hurtigtestar - bestilling av vaksine

Smittetal - utdeling av hurtigtestar - bestilling av vaksine

Utdeling av hurtigtestar vert frå denne veka redusert til to dagar i veka. Du kan henta hurtigtest måndag og torsdag, klokka 15.00 til 16.00, ved garasjen utanfor Austrheimhallen.

Utanom denne tida må du eventuelt handla hurtigtest på apoteket.

Vil du ha vaksine, må du bestilla time

Vaksinering mot Korona vil no skje på legekontoret, og etter bestilling av time. Neste dag til vaksinering:

  • Tysdag 8. mars klokka 16.00 til 17.00 - på legekontoret.

Vil du ha vaksine må du ringa Servicekontoret for bestilling av tid. Telefonen er open 09.00 til 15.00 kvar dag, nummeret er 56 16 20 00.

Du kan få dose 1, 2 eller 3. Det skal ha gått minst 4 månader sidan førre dose, dersom du har tatt dose 1 og evt. dose 2 tidlegare. Det er for enkelte grupper mogleg å få den 4. dosen med vaksine, dette er det opp til legen din å avgjera.

Registrering av positivt prøvesvar

Dei aller fleste skal ta hurtigtest heime, og registrera eventuelt positivt svar på denne gjennom tenesta Remin, på lenka under:

Sjølvregistrering av koronatestar og nærkontaktar i Austrheim kommune | ReMin

PCR-testar tysdag og fredag

Legekontoret tar berre PCR-test om det er medisinsk grunnlag for det, dette er for personar som søker helsehjelp (diagnostisk testing) og i alle tilfelle der ei PCR-analyse har innverknad på diagnostikk, differensialdiagnostikk og behandling.

Stadfestande PCR-test eller stadfestande antigen hurtigtest til profesjonell bruk vert også tatt for følgjande personar: Personar med primær eller sekundær immunsvikt, her under organtransplanterte og immunsupprimerte.

Det vert ikkje tatt PCR-test av barn om det ikkje er medisinsk grunnlag.

Smittetala siste månad

Ordninga med registrering gjennom ReMin (lenke over) starta for Austrheim sin del 26. januar. I perioden fram til 28. januar er det 607 som har registrert seg som Korona-smitta gjennom ReMin.

I tillegg er det tatt 80 positive PCR-testar her i Austrheim i denne perioden, slik at det på den siste dryge månaden er registrert nesten 700 Korona-positive. I tillegg kan det vera ein del som har positiv hurtigtest som ikkje har registrert seg, slik at talet kan vera høgare.


Sist oppdatert: 28.02.2022
Publisert: 28.02.2022